Velkommen til Aurland kommunes infokiosk

Her på denne Internet-Station™ kan du enkelt søke deg fram til ulik type informasjon om det som skjer i kommunen og innanfor kommunegrensane. Du kan også søke på ulike nettstader.
 

Du kan navigere deg fram på Internet-Station™ ved å trykke på navigeringsknappane og linkane med peikefingeren, eller med musepaden nedst på tastaturet. 

Internet-Station™ kan hevast og senkast ut frå behovet ditt til arbeidshøgde. Under tastaturet på høgre side finn du opp- og nedknappar som styrer høgda elektronisk. Dersom du er handikappa og sit i rullestol, finst det ein trykkfølar under tastaturet som gjer at tastaturet stanser når det treffer beina.

Aurland kommune gir deg denne interaktive tilgongen som ein del av satsinga vår på betre informasjon, service og tilgjengelighet for publikum, samt som ein utvida informasjonsportal for dei fleste aktivitetar innanfor kommunegrensane.

Husk at du er på ein offentleg stad. Bruk derfor Internet-Station™ på ein fornuftig måte som ikkje støyter andre ! 

Kontinuerlig overvaking skjer på alle Internet-Station™, og utilbørlig bruk blir loggført.

 

 ISK™-vB5.0

© 2005-2009 Denne Internet-Station og innholdsløsning er levert og driftet av TS Procon AS - Tlf. 67 97 05 70